Nobi Voss er no iso14001 sertifisert!

Gjennom eit heilt år har Gustad, saman med ulike avdelingar jobba om å setje opp og gå gjennom den nødvendige strukturen som ei slik miljøsertifisering krev. Mellom anna har det blitt lagt ned mykje arbeid i:

Det var med stor jubel kvalitetsansvarlig Ole Jakob Gustad meldte at verksemda vår hadde bestått miljøsertifiseringa «ISO14001»

• Interessentkartlegging, kva er krava til våre største kundar og omver

• Kontekst; på kva miljøplattform opererer vi og kva omsyn lyt vi ta ut frå dette?

• Miljøaspekt: korleis påverkar prosessane våre det ytre miljøet, og kva prioriteringar gjer vi for å liggja i forkant og ha best mogleg miljøavtrykk til ei kvar tid?

Kvalitetsansvarleg Ole Jakob Gustad har vore sentral i arbeidet. Han har lang fartstid ved verksemda, og tok utfordringa med ISO14001 på strak arm då dette kom som eit krav frå ein av NOBI Voss sine viktigaste kundar på elementsida.

«Kva tykkjer du har vore mest utfordrande med å få til ei 14001 sertifisering?
Den største utfordringa var å få alle tilsette til å involvera seg og forstå kor viktig å naudsynt dette var. Og få rutiner og struktur på alle nivå i verksemda. Openbart var temaet «ISO14001» litt nytt  og  ukjent farvatn, i tillegg til at oppgåvene kring ISO14001 kom i tillegg til andre faste gjeremål. Men etter å ha jobba med dette ei stund, kom vi til slutt i gong for alvor. Og då blei det og gjort framsteg i å systematisere og gjennomføra oppgåvene vi hadde. Når vi til slutt nådde målet hadde og kvar og ein gjort eit monnaleg bidrag!

«Korleis blir det vidare arbeidet med å ha kontinuerleg fokus på miljøaspekta ved verksemda, i lys av den formelle sertifiseringa? 
Vi har etablert ein fast struktur i leiargruppa der vi har ISO14001 på agendaen. I tillegg har vi sett opp eit 3-års program for internrevisjonar, der kvar avdelingsleiar blir revidert på status, tiltak og utvikling knytt til miljøkrav. Ein gong i året vil vi og bli revidert av ekstern revisor frå Kontrollrådet.

Er det ein samanheng med strukturkapitalen og kvalitetsleiinga ved verksemda elles i høve måten ISO14001 er bygd opp på? 
Ja, vi har frå før sett opp eit oversiktleg og gjennomarbeidd kvalitets- og leiingsverktøy der prosessar, rutiner, risikovurderingar, fase oppgåver og ikkje minst avvik og forbetringar er sett i system. Dette er på mange måtar ein parallell til korleis ISO14001 er bygd opp, og gjev mange synergiar som og forsterkar prosessar og kontinuerleg forbetring. Slik har denne sertifisertinga og medverka til å gjera oss betre på andre område i tillegg til fokus på ytre miljø. 

Kva er ditt bodskap til våre kundar kring ytre miljø og samarbeid med NOBI Voss om dette? 
«Vi ynskjer at kundane og leverandørane tek nye miljøkrav på alvor, og at vi saman kan samarbeida og forsterka innsatsen hjå kvarandre med å setja miljø og-krav i fokus. Dette er også eit nødvendig krav i tida, og vil utan til gje føremuner for våre kundar og leverandørar i ein tøff marknad. 

Våre produkter

Skroll til toppen