Toppmeny

NOBI Voss og Constructa har samarbeidd i fleire store prosjekt

– Kommunikasjonen vert meir effektiv, og me slepp å byrja på nytt kvar gong, seier Truls Langhelle i NOBI og Johannes Gullbrå i Constructa.

Johannes Gullbrå i Constructa.

Johannes Gullbrå i Constructa.

På kontoret hjå NOBI Voss har Truls Langhelle hengt opp ei viktig påminning. «The result of long term relationship is better and better quality, and lower and lower costs” (W. E. Deming, sitat). Altså, langsiktig samarbeid aukar kvaliteten og senker kostnadane.

– Eg er svært bevisst på verdien av lange samarbeidsforhold. Når ein samarbeider over tid, får ein ei felles forståing, og me veit meir om gjensidige forventningar, seier Truls Langhelle, dagleg leiar ved NOBI Voss.

For å bli valgt av store entreprenørar som Constructa, jobbar NOBI Voss knallhardt for å vera best på pris og kvalitet. Målet er å vera leiande aktør innan ferdige betongelement.

Skular og symjeanlegg

Samarbeidet med Constructa har bygd seg opp gjennom 3-4 år, og prosjekta har blitt større og fleire. Berre på Voss har NOBI vore involvert i to store prosjekt dei siste åra, der Constructa (gjennom Åmodt Entreprenør) har hatt totalentreprisen. Både til Nye Voss Gymnas og det topp moderne symjeanlegget Vossabadet har NOBI Voss levert betongelement og ferdigbetong. I tillegg til desse to store byggjeprosjekta på Voss, kjem ei rekkje store oppdrag for Constructa i bergensområdet, slik som Grieg-gården, Laksevåg Senter og Storebøportalen i Austevoll. Til alle desse bygga har verksemda på Voss levert ferdige betongelement.

Daglig leder, NOBI Voss, Truls Langhelle. Foto: Margretha Oesterdal

Daglig leder, NOBI Voss, Truls Langhelle. Foto: Margretha Oesterdal

Legg vekt på god dialog

Etter kvart har Langhelle blitt godt kjent med entreprenørfirmaet Constructa.

– Constructa sin visjon er å vektleggja samspel og dialog med oppdragsgjevarar, akkurat slik me i NOBI også
ynskjer, seier Langhelle.

Samarbeidet ser ut til å utvikla seg og bli større. For tida er NOBI Voss involvert i bygginga av sjukeheim og omsorgsbustader på Sandsli, som
Constructa Entreprenør AS byggjer for Bergen kommune. Sandsli sykehjem har eit bruttoareal på 20.000 m2 og vert bygd i fire etasjer. Og fleire store fellesprosjekt er på trappene, mellom anna Åsane vidaregåande og Brann stadion.

 

Likar seg best i tetfeltet

– Constructa er ein spennande aktør som har lyst å skapa. Dei går i gang med nye prosjekt, alt frå basseng til skular og sjukeheimar. Og dei har lang erfaring. Eg har møtt folk der som har 30-40 års erfaring med bygg og betong, seier Langhelle entusiastisk. Han tykkjer det er heilt topp at NOBI Voss får vera med i tetfeltet og jobba saman med dei store entreprenørane på dei store prosjekta. Det er mest effektivt og dermed også mest lønsamt.

Voss VGS er et av samarbeidsprosjektene med Constructa. Foto: Margretha Østerdal

Voss VGS er et av samarbeidsprosjektene med Constructa. Foto: Margretha Østerdal

– Små prosjekt kan også ha sin misjon. Me tek på oss ein del små prosjekt for å fylla opp produksjonskapasiteten vår. Men me må også seia nei til ein del, fordi også mindre oppdrag tek tid med prosjektering, seier Langhelle.

Slepp å starta på nytt kvar gong Dagleg leiar i Constructa Entreprenør, Johannes Gullbrå, har mange år bak seg som prosjektsjef, også for store fellesprosjekt med NOBI Voss.

– Det er viktig for oss at me ikkje treng byrja på nytt kvar gong. Me kjenner kvarandre, og då blir det enklare, seier Johannes Gullbrå.

– Ein del prosjekt har vore samspelsentrepriser. Då inviterer me dei til å bli med og finna gode løysingar. Å vita korleis dei leverer produkt og prosjektering og korleis dei får leveransane ut på byggeplassen, blir veldig viktig.

NOBI Voss er konkurransedyktige på pris og me har etter kvart blitt kjende med korleis dei leverer produkta og kvaliteten dei har. Det er ikkje så altfor lenge dei har halde på med holdekke, men dei har teke til seg kompetanse slik at dei er meir sjølvstendige med prosjektering, meiner Gullbrå.

Trygt og effektivt med god logistikk

– På ein trong byggjeplass er logistikk svært viktig, med èin veg gjennom anleggsområdet. Då har dei si tilmålte tid for å få av elementa. Viss dei ligg i feil rekkefølge på bilen, eller feil bil kjem først, kan det bli kaotisk. Då kan det få konsekvensar for HMS. Både av omsyn til tryggleik og effektivitet er det viktig at logistikken er som avtalt.

– Kor viktig er NOBI Voss sitt bidrag i dykkar byggjeprosjekt?
– Holdekke er ein stor del av konkurransen, og dei har også ansvar for eiga prosjektering. I kroner og øre utgjer NOBI sin leveranse rundt 17-18 millionar av totalen på 500 millionar for Åsane vidaregåande. Betongelementa utgjer hovudberesystemet, så det er viktige element å få på plass, meiner Gullbrå.

Felles visjonar og etiske reglar

– Kor vesentleg er det at Constructa og NOBI Voss har om lag same etiske reglar?

– Etiske retningsliner er noko me vektlegg mykje, og som blir viktigare og viktigare. Me opererer med mange offentlege byggherrar. Då er det viktig både i prekvalifisering og utføring at me etterlever vårt etiske regelverk. Dette har me mykje fokus på i val av underentreprenørar. Me ynskjer å samarbeida med partnarar som leverer på tid og kvalitet, seier Gullbrå i Constructa Entreprenør.

Systematisk forenkling

Tid er ein av faktorane som NOBI Voss jobbar aktivt med gjennomLean-metoden. Lean handlar om kontinuerleg forbetring, eit tankesett for å gjera prosessar rimelegare, raskare og betre. Det handlar om standardisering, samstundes som tilsette får større innverknad på både eigne arbeidsforhold og på drifta. Det forutset trygge arbeidsmiljø, med rom for læring og deling. Der ein erkjenner at feil kan skje, og at mistak gjev rom for læring og forbetring.

– Feil vil skje, det er ikkje til å unngå, men me skal ikkje gjera same feil to gonger, seier Langhelle.

Til dømes var det ikkje knirkefritt å få på plass trappene i Nye Voss Gymnas. Og det var også utfordringar med plasseringa av søylene i Vossabadet.

– Det skapte litt uro, men det løyste seg fint, og me lærte mykje om korleis kommunikasjon og avklaringar bør føregå. Skjer det feil, lyt me ordna opp raskast mogeleg og så direkte som mogeleg, seier Langhelle.

Kastar Tim Woods ut av firmaet

«Tim Woods» står for område der ein kan finna innsparing. (Transport, Inventory, Motion, Waiting, Over production, Over processing, Defects, Skills).

Ein sparar mykje ved å unngå unødig transport, og å ikkje lagra meir enn nødvendig. Å unngå unødige rørsler er viktig i betongindustrien, der tunge ting vert handtert. Å måtte vente på deler og utstyr er dårleg tidsbruk. Det er heller ikkje god butikk å produsera meir enn det som trengst til ei kvar tid, eller å overprosessa. Å bruka meir cement enn nødvendig gjer faktisk betongen svakare! har Langhelle lært. Feil og manglar betyr kostbart ekstraarbeid. Og det er fornuftig å nytta kompetansen som finst, og å ikkje delegera utan å gje opplæring.

Både til Nye Voss Gymnas og det topp moderne symjeanlegget Vossabadet har NOBI Voss levert betongelement og ferdigbetong

Både til Nye Voss Gymnas og det topp moderne symjeanlegget Vossabadet har NOBI Voss levert betongelement og ferdigbetong. Foto: Margretha Østerdal

Har fleire lange forhold

Kompetansekartlegging vert såleis viktig i eit firma med 60 fast tilsette pluss 10 innleigde årsverk. NOBI Voss har sandtak med knuseverk på
Bjørke, som skaffar sand til betong og som produserer grus, singel og pukk til kundar. På Palmafossen vert ferdigelementa laga.

Her ligg blanderiet, og NOBI Voss har sju eigne bilar til betong og tilslagskøyring. Sals- og prosjekteringsavdelinga med tolv tilsette ligg i Blomsterdalen ved Flesland.

Constructa er ikkje den einaste samarbeidsparten som NOBI Voss har godt og langt forhold til. Skanska er eit anna døme. Og ikke minst, transportsfirmaet Rogne Transport, som kjenner godt både betongprodukta, kundane og kva som går føre seg på ein byggjeplass.

Praktiske erfaringar

Kjetil Gulbrandsøy, avdelingsleiar for sals- og prosjekteringskontoret i NOBI Voss, reknar med at oppdraga for Constructa utgjer 15-20 prosent av NOBI Voss si totale omsetning av betongelement i år.

– Fordelen med fleire store prosjekt med same entreprenør, er at me utviklar oss og gjer kvarandre gode. Når me tenkjer meir likt, unngår me unødvendig skjering, seier Gulbrandsøy. Ein får også betre forståing for kvarandre sine utfordringar.

– Det er ikkje hyllevarer me leverer, men kompliserte konstruksjonar. Då er det viktig med rett info på rett nivå. Det er mykje som ikkje står direkte nedfelt i kontrakten, men som faktisk blir gjort likevel. Ein kan ikkje berre sitja og senda skriv til kvarandre og peika på kontrakten, men heller snakka ope om utfordringar undervegs.

Strekkjer seg litt ekstra

God logistikk avgjerande for framdrift og lønsemd i store byggjeprosjekt. Betongleverandøren må koma med elementa i rett tid og rekkefølgje.

– Til Laksevåg senter fekk me vanskar med å levera til rett tid. Då valde me å kjøpa element hjå ein konkurrent, for å sikra framgangen i prosjektet. Hadde me tenkt kortsiktig, kunne det løna seg å ta dagbøter, men det viktigaste for oss var at ikkje vår kunde vart skadelidande, seier Gulbrandsøy. Store leveransar skal leverast i monteringsrekkefølge. NOBI Voss er i full gang med prosjektering av oppraget på Sandsli.

Til sjukeheimsbygginga har betongfirmaet på Voss kalkulert å senda 263 trailerlass betongelement, kvar på 25-30 tonn. Endå meir blir det når Åsane vidaregåande skal byggjast. Då trengst det godt over 300 trailerlass med betongelement frå Voss.

TEKST: ANNE RIVENES
Frilansjournalist Voss

, , , ,

Utvikling og hosting: Senson AS