Slisserenner som sandfangskum

Det har vore sysselsett i snitt ca 50 mann på prosjektet frå oppstart i juli 2017 til i dag. På bildet, Helge Tillung frå Flage Maskin AS

I samband med tunneloppgradering i Gudvangatunnelen på E16 har Flage Maskin AS montert våtstøypte slisserenner og inspeksjonselement med SjG rist som hjelpesluk.

TEKST ODD SIVERTSEN
Avdelingsleder salg, Voss butikk

Frå slisserenna går vatnet vidare inn i sandfangkum som ligg i vegskulder.

Det er montert 25 sett i tunnelen frå juni 2017 fram til i dag.

Prosjektet har for Flage Maskin as ein verdi på 160 mill kr eks mva. Det har vore sysselsett i snitt ca 50 mann på prosjektet frå oppstart i juli 2017 til i dag.

Totalt er det sprengt ut ca 65.000 m3 fjell for nisjer til nye tekniske bygg, snunisjer og nisjer for tekniske installasjonar.

Nye EU-krav til sikkerhet

Prosjektet er ein del av tunneloppgraderingsprosjektet til Statens Vegvesen, som er ein konsekvens av nye EU-krav i forhold til sikkerheit.

Gudvangatunnelen er ca 11 km lang og ein av dei lengste i landet, prosjektet er såleis eit av dei større tunneloppgraderingsprosjekta.

Fjellet er sikra med sprøytebetong og boltar. På stader med vannlekkasje er det hengt opp PE-skum som vatn og frostsikring.

Det har vore sysselsett i snitt ca 50 mann på prosjektet frå oppstart i juli 2017 til i dag. På bildet, Helge Tillung frå Flage Maskin AS
Det har vore sysselsett i snitt ca 50
mann på prosjektet frå oppstart i juli
2017 til i dag. På bildet, Helge Tillung
frå Flage Maskin AS

Slamnisjer for vannsedmentasjon

Det er lagt ned i overkant av 11000m OV-røyr i Gudvangatunnelen i samband med drenssystemet.

To slamnisjer er etablert for sedimentasjon av vatn frå tunnelen.

Alt arbeid er utført mellom 20:00 og 06:00. I denne perioden har det vore kontinuerlig trafikkavvikling med kolonnekøyring kvar heile time, med lengre stengeperiodar midt på natta i samband med sprengingsarbeid.

Eksisterande teknisk utstyr i tunnelen har under sprengningsarbeidet vore operativt. Neste prosjekt der denne løysinga skal nyttast blir i tunneloppgradering på Flenjatunnelen som startar i 2018.

Våre produkter

Skroll til toppen